Portrettpinnen vart sendt vidare til Silje Miljeteig!
Silje Miljeteig har trokka sine barnesko på Baugstranda skule.Der gjekk ho til skulen blei nedlagt i 1992.Etter det vart det skule i Åkra.Silje var og aktiv volleyballspelar for Matre IL.No bur Silje med mann og barn på Stord.Og når det vert arrangert hobbyvolleyball på Vikahaugane stiller Silje opp på laget til Matre.
Du e både født og oppvaksen...litt om kvar og skule og utdanning og sånn?
Oppvaksen i Feravik. Går 2. året på sjukepleiarutdanninga ved HSH på Stord. I tillegg til skule arbeidar eg som servitør på Big Horn Steak House og har helgevakter i heimesjukepleien.
Du bur på Almås, Stord korleis enda du opp der,og trivest du ute på øyo?
Svein fekk jobb i NAV på Stord, og sånn enda eg opp her. Eg trivest på øyo, og Almås er ein koseleg stad, der det er fint for gutane å veksa opp.
Litt om familie...mann barn alder kjønn osv....?
Sambuar: Svein Arne 32, Barn: 2 gutar, Martin 7,5 år og Alexander 5 år.
Fritid....ka gjer du på når du ikkje spela hobbyvolleyball med MIL ETTER MIL?
Dagane er travle med skule og arbeid, så fritida brukar eg helst saman med familien. Då ser me film, går tur eller spelar spel. Har planar om å byrja å trena volleyball igjen frå hausten av.
Volleyballkarrieren i Matre IL...noko du hugsar særskilt frå den? Seriehelgane. Det var gode tider saman med gode vener.
Ser du for deg at du kan bli frista t å flytta heim att ein gong i framtida? Eg kunne godt tenkt meg å flytta heim att ein gong. Er da noko spesielt som skal til for at da skjer?
Eg må få meg ein jobb som ikkje er alt for langt unna, og det må vera gode fritidstilbod og det sosiale er viktig....og viss ja koffor ikkje? For det første så må eg overtala familien, og det kan bli vanskeleg…
Til slutt lurer me på kven du vil senda portrettpinnen vidare til?